Beyoğlu – Wikipedia

Beyoğlu
distrikt
İstiklalavenuen i Beyoğlu
Land  Tyrkia
Provins Istanbul
Koordinatar 41°02′N 28°59′E / 41.033°N 28.983°E / 41.033; 28.983
Areal 8,4 km²
Folketal 245 064  (2008[1])
Folketettleik 29 174 / km²
Borgarmeister Ahmet Misbah Demircan
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer 0-212
Kart
Beyoğlu
41°01′55″N 28°58′34″E / 41.031944°N 28.976111°E / 41.031944; 28.976111
Wikimedia Commons: Beyoğlu
Nettstad: http://www.beyoglu.bel.tr

Beyoğlu er eit distrikt på den europeiske sida av İstanbul i Tyrkia, skild frå gamlebyen (den historiske halvøya Konstantinopel) av Det gylne hornet. Han består av dei historiske byane Galata og Pera, og bydelane på nordsida av Det gylne hornet opp til Fatihbrua (ringvegen). Kommunen har eit areal på 8,3 km² og han hadde i 2008 245 000 innbyggjarar. Beyoğlu er éin av dei tre kommunane som utgjer det historiske Istanbul. Denne delen av byen har heilt sidan tidleg osmansk tid vore tilhaldsstad for vesteuropearar busett i Istanbul.

I Beyoğlu ligg det verdslege kulturelle sentrumet i Istanbul med teater, kinoar, museum og galleri, og ei lang rekkje kjende skular og universitet. Her ligg òg byen det mest fasjonable forretningsstrøket i byen, sentrert rundt gågata Istiklal caddesi. Gjennom denne gata passerer kvar dag 1,2 mill. menneske, og dobbelt så mange på laurdagar. Mange av byen dei mest kjende hotella, restaurantane, barane og kafeane i byen ligg i Beyoğlu.

Bydelen si 700-årige historie som kosmopolitisk sentrum har etterlate ein variert og spennande arkitektur med påverknad frå mange ulike hald. Her finst romerske, gresk-ortodokse og russiske kyrkjer, synagoger og moskear, greske og armenske institusjonar – ved sida av ottomanske moskear og verdslege byggverk. Etter ein bybrann på slutten av 1800-talet vart mange kvartal gjenoppbygd i art nouveau, på same tid som stilen fekk gjennombrotet sitt i vesteuropeiske byar som Amsterdam og Brussel.

Beyoglu består av fleire rekke bydelar og kvarter som går under eigne namn, som Galata, Pera, Tünel, Taksim, Galatasaray, Tepebasi, Cihangir, Cukurcuma, Dolapdere, Tarlabasi, Kasımpaşa, Hasköy, Kabataş, Tophane, Gümüssuyu og Odakule.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]